Smittesituasjonen den siste veka har vore slik at dei nye tilfella kjem i husstandar der det allereie er smitte frå før, og det er ingen nye nærkontaktar. Den smittevernfaglege vurderinga er at utbrotet no er i ferd med å brenna ut, og me har fått råd om å opna opp att, men ikkje fullt ut. På bakgrunn av dette er det utarbeidd ny Lokal smittevernforskrift.
Den «gamle» Lokale smittevernforskrifta gjeld til og med søndag 21.02.2021.
https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2021-02-10-380
Frå og med mandag 22.02.2021 vert det innført NY lokal smittevernforskrift.
Forskrifta gjeld i Ulvik herad, med unntak av Finse.
Hovedpunkta i Ny Lokal smittevernforskrift, gjeldande i perioden mandag 22.02 til og med søndag 07.03.2021:
-
Det er tillat med besøk i eigen heim, inntil 5 faste personar, i tillegg til husstandsmedlemar
-
Innandørs arrangement på offentleg stad er ikkje tillate.
Unnatak: Ved gravferder kan tal deltakarar ikkje overstiga 50 personar
-
Treningssenter kan halda ope for individuell trening, ikkje gruppetrening
-
Museum og bibliotek kan halda ope
-
All organisert idretts-, kultur- og fritidsaktivitet innandørs er ikkje tillat
-
Organiserte idrettsaktivitetar utandørs kan gjennomførast dersom ein klarar å halda avstandsreglar og smittevern
-
Butikkane kan opna att
-
Det er krav om munnbindbruk på offentleg stad der ein ikkje klarer å halda 1 meters avstand, for eksempel på butikken
-
Servering- og skjenkestadar kan halda ope
-
Det bør nyttast heimekontor når dette er tilrådelege basert på smittevernomsyn
-
Grunnskulen opnar på raudt nivå. SFO held stengt t.o.m. 28. februar. Kohortinndeling skal fylgjast strengt. Tilsette kan berre jobba på eitt trinn.
-
Barnehagen opnar på raudt nivå. Kohortinndeling skal fylgjast strengt.
-
Vidaregåande skule, Fagskule og vaksenopplæring ved Hjeltnes kan opna på raudt nivå
-
Det vert opna for besøk på omsorgstunet, men berre 1 – 2 faste personar pr veke pr bebuar.
Me publiserer lenkje til ny Lokale smittevern forskrift når den er publisert på www.lovdata.no
(19.02.2021, ut på dagen)
Til slutt: Gratulerer til oss alle, me har saman kome oss gjennom denne vanskelege perioden. Me er eit samanvevd og godt lokalsamfunn der mange har vist omsorg for kvarandre dei siste vekene, det er fint å sjå. Kommuneleiinga og ordførar vil takka våre gode innbyggjarar for lojalitet til smitteverntiltaka!
Regulation regarding infection control, Ulvik herad, Vestland- in english (PDF, 455 kB)
Information in english (PDF, 398 kB)
Regulation regarding infection control, Ulvik herad, Vestland- in arabic (PDF, 315 kB)
Information in arabic (PDF, 250 kB)
Helsing
Hans Petter Thorbjørnsen
Ordførar Ulvik herad