Me minner om reglar for karantene og isolasjon, henta frå www.fhi.no:
Kva er karantene?
Karantene betyr at du skal redusera kontakt med andre menneske mest mogleg. Du kan ikkje gå på skule, jobb og andre aktivitetar, og du kan ikkje ta kollektivtransport. Du kan gå ein tur ute åleine. Du bør få andre til å handla for deg. Viss det ikkje er mogleg, kan du gjera heilt nødvendige ærend, men hald avstand og bruk munnbind.
Dersom du begynner å få hoste, halsbetennelse, er kortpusta eller har feber, skal du isolera deg (sjå nedanfor), og kontakt lege på telefon 116 117.
Karantenetida i Ulvik er 14 dagar.
Kva er heimeisolasjon?
Heimeisolasjon betyr at du skal vera isolert frå alle, og dei du bur saman med. Du kan ikkje gå ut, du bør vera på eit rom for deg sjølv (gjeld ikkje små born), ete på rommet og må ikkje dele handkle med andre. Om tilstanden din vert verre, må du kontakta lege på telefon 116 117. Heimeisolasjon vert oppheva etter 10 dagar dersom ein er feberfri siste 24 timar (utan bruk av paracet el liknande). Milde restsymptom kan vara lenge, men ein er ikkje lenger smitteførande. Det skal ikkje takast ny test.
Me vil takka alle gode innbyggjarar for at de framleis støttar opp om smitteverntiltaka, det er viktig at me held fokus på det framover òg!
Helsing
Hans Petter Thorbjørnsen
Ordførar Ulvik herad