12.03.2021, KL. 15.00: INGEN NYE SMITTA

Coronavirus - Klikk for stort bilete  Det er ingen nye smittetilfeller i Ulvik denne veka.

Komande veka er det testing måndag, onsdag og fredag, kl 11.00, utanfor omsorgstunet.

De tingar testing ved å ringja til legekontoret, telefon: 56527040. Me er ferdige med massetestinga, no er det personar med symptom som skal testa seg, eller personar som har fått melding frå helsepersonell om å testa seg.

 

Vaksinasjon med Pfizer-vaksinen går sin gang. Vi er midt i gruppa 75 år og eldre. Dersom du er i tvil om du står på innkallingslista, så ta kontakt med legekontoret! Etter nye råd frå FHI gjev me dose 1 til flest mogeleg no, og ventar 6 veker med å gi dose 2.

 

Det er nasjonale reglar og tilråding som gjeld i Ulvik no. Lokale smitteverforskrifter er avvikla. For å lesa om nasjonale reglar og tilrådingar, klikk på lenkja:

https://www.helsenorge.no/koronavirus/oversikt-over-regler-og-anbefalinger/#nasjonale-regler

 

Me ynskjer dykk alle ei riktig god helg og håper våren er rett rundt hjørnet!

 

 

Helsing

 

Hans Petter Thorbjørnsen

Ordførar Ulvik herad

Sist endra 12.03.2021