11.02.2021, KL. 21.00: VIDAREFØRING AV LOKAL SMITTEVERNFORSKRIFT

Coronavirus - Klikk for stort bilete Me ventar fortsatt på testresultat på prøvar tatt 10.02, dei vil truleg koma i morgon tidleg, og me vil publisera oppdaterte tal så snart dette føreligg.

Med utgangspunkt i smittesituasjonen i Ulvik har Rådmannen vedteke å vidareføra Lokal smittevernforskrift, denne vil vera gjeldande frå og med mandag 15.02 til og med søndag 21.02.2021.

 Dette er hovedpunkta i forskrifta:

  • Det er ikkje tillate med besøk i eigen heim.

Unnatak:

  • Aleinebuande kan ha besøk av 1-2 faste personar, bør vera dei same over tid
  • Personar som skal gi nødvendig praktisk hjelp eller helsehjelp
  • Personar som skal gi nødvendig helsehjelp til dyr
  • Personar som skal utføra eit nødvendig arbeid for å hindra alvorlege situasjonar, t.d røyrarbeid, elektrikar-arbeid, glasreparasjonar, m.v.
  • Innadørsarrangement på offentleg stad er ikkje tillat.

Unnatak:

  • Gravferd, kan ha inntil 20 deltakarar
  • Alle organisert fritids- og kulturtilbod for born, unge og vaksne er ikkje tillat
  • Matbutikkar kan halde ope, men avgrensa tal personar i butikken
  • Det er påbod om bruk av munnbind på kollektivtransport, taxi og innandørs på offentleg stad.
    • Gjeld ikkje born under 12 år, eller personar som av medisinske eller andre helsemessige årsaker ikkje kan bruke munnbind.
  • Serveringsstadar skal halda stengt. Take away er tillat
  • Grunnskulen og kulturskule held stengt, men gjennomfører digital undervisning
  • SFO held stengt
  • Barnehagen held stengt
  • Vidaregåande skule (Hjeltnes produksjonsskule) held stengt
  • Fagskule- og vaksenopplæringstilboda på Hjeltnes skal gjennomføra undervisning

og eksamen digitalt

  • Det er ikkje tillatt med besøk på omsorgstunet

Unnatak:

  • Terminal sjukdom

Lokal smittevernforskrift vil bli publisert på Lovdata 12.02.2021.

Me vil takka alle gode innbyggjarar som held motet oppe og støttar opp om viktige smitteverntiltak!

 

Information in english  (PDF, 170 kB)

Information in arabic   (PDF, 296 kB)
 

Helsing

Hans Petter Thorbjørnsen

Ordførar Ulvik herad

Sist endra 17.02.2021