05.03.2021, KL. 16.00: Ingen nye smitta og nasjonale smittevernreglar frå måndag

Coronavirus - Klikk for stort bilete  No har prøveresultata frå torsdag 04.03.2021 kome, og det er ingen nye smittetilfelle i Ulvik.

Komande veka er det testing måndag, onsdag og fredag, kl 11.00, utanfor omsorgstunet.

De tingar testing ved å ringja til legekontoret, telefon: 56527040. Me er ferdige med massetestinga, no er det personar med symptom som skal testa seg, eller personar som har fått melding frå helsepersonell om å testa seg.

 

Den lokale smittevernforskrifta vert oppheva søndag 07.03.2021 kl. 24.00. Frå måndag 08.03.2021 er det nasjonale råd, reglar og tilrådingar som gjeld:

 

Nasjonale reglar

  1. Karantene og isolasjon

Reisekarantene

Kjem du til Noreg frå eit land eller område i EØS/Sveits som er definert som raudt, eller eit land utanfor EØS/Sveits, skal du i reisekarantene i 10 døgn. Sjå reglar om reisekarantene her.

Smittekarantene

Dersom du har vore nærkontakt med ein person som er stadfesta smitta, skal du i karantene i 10 døgn frå den dagen kontakten med den smitta personen skjedde. Sjå reglar om smittekarantene her.

Isolasjon

Du skal isolerast dersom du har fått påvist covid-19 eller er i smittekarantene og utviklar symptom. Sjå reglar om isolasjon her.

 

  1. Arrangement og samankomstar

Innandørs:

  • Maks 10 deltakarar på privat samankomst på offentleg stad i leigd eller lånt lokale.
  • Maks 10 deltakarar på offentleg arrangement, utan faste, tilviste sitjeplassar innandørs.
  • Maks 100 deltakarar på offentlege arrangement med faste, tilviste sitjeplassar innandørs.

Utandørs:

  • Maks 20 deltakarar på privat samankomst på offentleg stad utandørs.
  • Maks 200 deltakarar på offentlege arrangement utan faste, tilviste sitjeplassar utandørs.
  • Maks 3x200 deltakarar på offentlege arrangement med faste, tilviste sitjeplassar utandørs.

Det er i tillegg krav om ein meters avstand mellom deltakarane, oppnemning av ansvarleg arrangør og registrering av gjestar. Sjå meir om arrangement og samankomstar her.

  1. Serveringsstadar

Serveringsstadar kan halde ope, men må fylgje reglar om skjenkestopp, avstand og registrering av gjestar. Sjå meir om reglane for serveringsstadar her.

 

Nasjonale råd/tilrådingar

Arrangement og private samankomstar bør utsetjast eller avlysast. Arrangement skal utsetjast dersom dei samlar personar frå fleire kommunar, med unnatak av gravferd. Om ein likevel må halda arrangementet, gjeld reglane for arrangement.

Sosial kontakt 

Du bør ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjestar i tillegg til dei du allereie bur med. Det er to unnatak til tilrådinga om besøk:

  • Dersom alle gjestane er frå ein husstand, kan ein ha heile husstanden på besøk.
  • Dersom alle gjestane er frå ein barnehage- eller barneskulekohort.

Sjå meir om sosial kontakt og samankomstar her.

Kulturarrangement

Kulturarrangement som førestillingar, oppvisingar m.m, samt kurs og konferansar og trus- og livssynseremoniar bør utsetjast dersom desse samlar personar frå fleire kommunar. Sjå Helsedirektoratet for meir informasjon.

Reiser innanlands

Det er tilrådd å unngå unødvendige reiser innanlands. Dette er tilrådd fordi det er ein risiko for spreiing av smitte dersom du reiser frå område med mykje smitte i Noreg til eit område med lite smitte. Sjå meir om reiser innanlands her.

Reiser utanlands

Utanriksdepartementet (UD) fråråder alle utanlandsreiser som ikkje er strengt nødvendige. Dette globale reiserådet frå UD gjeld fram til 15. april 2021. Sjå tilråding for reiser her.

Born og unge

Borna bør vere saman med dei same borna som dei er i kohort (gruppe) med i barnehagen, på skulen eller i organiserte fritidsaktivitetar. Sjå meir om tilrådingar for born og unge her.

Born og unge/fritidsaktivitetar og idrettsarrangement

Born og unge under 20 år kan delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei kan òg delta i idrettsarrangement med deltakarar frå same kommune. Innandørs kan det vere inntil 50 personar. Utandørs er grensa 200.

Besøk på institusjonar

Det er ope for besøk på omsorgstunet. Les meir om besøk på institusjonar her.

Arbeidsplassar og heimekontor

Det er tilrådd at dei som kan, bør bruke heimekontor. Det er likevel mange arbeidsplassar som er avhengig av at dei som jobbar er fysisk på jobb. Då er det viktig med smitteverntiltak.

 

 

Information in english  (PDF, 157 kB)

Information ina arabic   (PDF, 151 kB)

 

Helsing

 

Hans Petter Thorbjørnsen

Ordførar Ulvik herad

Publisert av Claudia Saathoff. Sist endra 08.03.2021