Kommunestruktur i Ulvik

Stortinget har vedteke ei kommunereform og  pålagt alle kommunar å gjennomføra ein prosess for å vurdera og diskutera samanslåing med nabokommunane. Dei fleste kommunar i Noreg snakkar i desse dagar med naboane sine med tanke på eventuelle kommunesamanslåingar. 

Heradsstyret i Ulvik vedtok i juni 2014 at ein ynskte å utgreia moglegheitene for ei eventuell samanslåing av Ulvik, Granvin, Eidfjord og Ullensvang. Tilsvarande vedtak er fatta i dei andre kommunane, og det er sett i gang utgreiingsarbeid som skal danna eit godt grunnlag for politiske vedtak om eventuell kommunesamanslåing innan våren 2016. Ordførarane og styringsgruppene i dei fire kommunane skal i denne perioden arbeida fram utkast til ein intensjonsplan/politisk viljesfråsegn, og rådmennene skal utarbeida ei administrativ utgreiing.      

 

Kommunestruktur - Klikk for stort bilete

Publisert av Anne-Marit Lekve. Sist endra 04.12.2015