Heradsvåpen

Heradsvåpen Ulvik herad  - Klikk for stort bilete

På raud grunn åtte gull spissruter i rosett.

Våpenet ble godkjent ved kongeleg resolusjon 19.12.1986, og er teikna av Stein Davidsen.

Åttebladsrosen er eit tradisjonelt mønster i husflid og folkekunst i Hardanger. Det finst i treskurd, som på Vestlandet er dominert av geometriske mønstre, og tekstiler av mange slag. På vevde åklær kan motivet fylgjast attende til 1600-talet, men kanskje er det langt eldre. Åklærne frå Hardanger har gjerne små roser med ljos farge.

I vår tid er åttebladrosene best kjende som motiv i prydsaum. Kvinnebunaden i Ulvik har rosene i bringklut, belte og forklede.

 

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 20.08.2015