Gratis lading av bilar er ikkje ein god praksis, og det er naturleg at bruk av bil medfører drivstoffkostnadar. Arbeidsgjevar har inga plikt til å leggja til rette for dei tilsette som må bruka bil til og frå arbeidsplassen.
Ulvik herad sine tilsette har høve til å lada ved fylgjande kommunale bygg:
- 2 hurtigladarar ved Omsorgstunet
Det er montert 2 ladestasjonar for hurtiglading av el‐bilar på parkeringsplass ved hovudinngang. Kvar ladestasjon får straum frå eigen kurs frå hovudfordelingstavle.
- 4 ikkje-hurtigladarar ved Omsorgstunet
Det er montert enkle 2/16 rundstift industri‐stikkontaktar for vedlikehaldslading av el‐bilar på parkeringsplass ved hovudinngang. Stikkontaktar får straum frå hovudfordelingstavle med 1 16A kurs pr. uttak.
- 1 ikkje-hurtigladar ved S-bygget (manglar skilt om El-lading, er i dag i ustand)
Arbeidsgjevar kan ikkje garantera at ladepunkt er ledige, lading skal gå føre seg etter «fyrste mann til mølla»- prinsippet. Tenestebilar skal alltid prioriterast.
Ein føreslår at tilsette som ynskjer å nytta ladepunkt på arbeidsplassen skal kjøpa månadskort eller årskort. Desse kan kjøpast i Tenestetorget.
Prisar:
- Bruk av ladepunkt med hurtiglading: kr 100 pr mnd eller kr 900 pr år.
- Bruk av enkle ladepunkt (ikkje-hurtigladarar): kr 50 per mnd eller kr 400 pr år
Satsane gjeld i 2022, og det vert ny vurdering i desember 2023.
Det er BKK hurtigladarar bak Coop Prix, og det vert opplyst for besøkjande.
Ladepunkt ved kommunale bygg skal som hovudregel ikkje nyttast av besøkjande i 2022. Det er behov for meir utbygging. Dette skal kartleggjast.
Tilsette som ynskjer å vera med i ordninga, må kjøpa gyldig bevis på Tenestetorget.
Det er forbode å lada el-bilar frå vanlege stikkontaktar, skøyteledningar, og liknande.