Leiar

Personalleiar - kompetansekrav

Leiarane våre er viktige i arbeidet med å gjennomføra strategiar, planar, vedtak og i oppfylging av tilsette. Ei viktig leiaroppgåve er å gje dei tilsette retning, finna og nytta handlingsrom, ha fokus på resultat samt fremja medarbeiderskap og ein kultur for god fagleg kvalitet og utvikling.

For å hjelpa deg som personalleiar i dine daglege gjeremål, har kommunedirektøren sin stab definert kva kompetansekrav me stiller til ein personalleiar i heradet, kva relevante dokument du må ha kjennskap til og aktuelle kurs du bør delta på.

Som alle dine medarbeidarar, har du kompetansekrav.  Kompetansekrava som gjeld deg som personalleiarar finn du under. Lenkjene går direkte til informasjon du sjølv må setja deg inn i. Kurs innafor relevante temaer blir sendt ut på epost, og det er ei forventning at leiarane deltek på desse kursa.

Styrande dokument som du sjølv må gjera deg kjent med:

Andre relevante dokument/lenkjer 

Relevant lovverk 

Eksterne ressursar 

I tillegg til dei faste kompetansekrava over, vil kommunedirektøren sin stab koma med tilbod om temaopplæring i fylgjande:

  • Websak
  • Løn og personal
  • Økonomi: Agresso, Arena, Stratsys
  • Medarbeidarundersøkjing/organisasjonsutvikling: 10- faktor
  • Andre personalretta kurs

Det blir sendt ut kalenderinnkalling til desse kursa og det er ei forventning om at du som leiar prioriterer deltaking på desse kursa.

Til toppen