Kva er ei Cittaslow bygd?

Cittaslow bygd - Klikk for stort bilete

 

Ei bygd tufta på lokal kultur og historie.

11. april 2015 vart Ulvik herad formelt godkjend som Cittaslow kommune.

Ulvik herad er den fjerde Cittaslow kommunen i Noreg og føyer seg med dette  inn i rekkja av kommunar i eit internasjonalt nettverk som dekkjer 30 land og 236 stader.

Godkjenninga inneber å møta kriteria til Cittaslow organisasjonen og er delt inn i hovudtema:

Energi og miljø
Levekår
Landbruk, turisme og handverk
Gjestfridom, beredskap og infrastruktur
Sosiale tihøve 
Partnarskap og Slow Food aktivitetar.
 

Arbeidet med cittaslow i Ulvik Herad er forankra i heradstyret, administrasjonen og eit Cittaslowråd. Rådet vart konstituert i 2016 og er breitt samansett av representantarfrå næringsliv, reiseliv, landbruk, kultur, ungdom, lag og organisasjonar, barnehage og skule og andre med relevans for arbeidet. På Nordisk nivå har me eit Cittaslownettverk som består av representantar frå alle Cittaslow-stadane i Norden og Noreg. Dette nettverket møtes nokre gonger i året for å læra av kvarandre og å samarbeida om moglege felles prosjekt.

 
Nordisk nettverk Cittaslow består av kommunane: Kristinestad i Finland, Falköping i Sverige, Mariagerfjord og Svendborg i Danmark, Djúpavogshreppur på Island og Eidskog, Levanger og Sokndal i Noreg.
 
Historie
I 1986 vart slow food-rørsla grunnlagt i Italia. Dei arbeidde for å ta vare på og fremjamatkultur og det sakte, gode livet. Slow Food-rørsla vart sjølve opphavet til Cittaslow-rørsla som vart skipa nokre år seinare, i 1999. Grunnen til at rørsla vart stiftavar retninga som utviklinga i bygder og tettstadar etter kvart hadde tatt med like fasadar, same butikk-kjeder, likt vareutval og reklame. Alt var så likt, ingen skilde seg ut. Eit av måla for rørsla er å ivareta det mangfald og særpreg som kvar kommune har, og å betra livskvaliteten til innbyggarane og å gje tilreisande gode og særeigne opplevingar. Ulvik er i dag 1 av 232 Cittaslowstadar i over 30 land verda over, og i Ulvik er vårt lokallag i Slow Food eit viktig forankringspunkt.

Cittaslow international

 
Kontaktinfo Cittaslow:
Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen, 4000 7119
Bygde- og næringsutvikler Natalia Golis, 400071 33
 
 
 
Sist endra 25.01.2018