.
Bli sertifisert - Velkomen til å søkje direkte her.
.
Cittaslowrådet vurderer kvar verksemd ut i frå dei 7 kvalitetskrava:
Energi- og miljøarbeid
-
Verksemda har eit medvite forhold til miljø, avfallshandtering og resirkulering etter gjeldande forskrifter.
-
Verksemda forureinar ikkje det ytre miljø og følgjer gjeldande forskrifter for utslepp og resirkulering.
Infrastruktur
-
Fasadar og bygningar er velhaldne og innbydande
-
Skilting og informasjon er tilpassa arkitektur og miljø på staden
-
I desember er uteområde, vindauger eller fasadar pynta til jol, og er dekorert høveleg elles i året
Fornying og utvikling
-
Verksemda bidreg til utvikling i Ulvik gjennom innovasjon, nyskaping, produktutvikling og tenesteproduksjon
-
Verksemda tek del i ei berekraftig utvikling (kulturelt og/eller miljømessig)
Landbruk, reiseliv og handverk
-
Produksjon av lokale råvarer som er forankra lokalt gjennom produksjon/dyrking eller oppskrift
-
Bruk av lokale og regionale råvarer i matproduksjon og servering
-
Tek vare på kulturlandskapet
-
Nyttar og fornyar handtverk og lokale tradisjonar
Gjestfridom og vertskap
-
God kundesørvis og gjestfridom kjenneteiknar verksemda
-
Verksemda er oppteken av å ta godt vare på alle som besøkjer Ulvik, og av å syne fram Ulvik på ein god og rettvis måte
Fellesskap og integrering
-
Heile verksemda er godt kjend med og kan formidla kva Cittaslow står for i Ulvik.
-
Dei tilsette er godt kjend med historia til verksemda og bygda Ulvik (bygg, personar, stadar, tradisjonar osb.).
Lokalt samarbeid
-
De bidreg, samarbeider og tek del i lokale arrangement og hendingar.
-
Marknadsføringa skjer på nynorsk og gjerne på fleire språk der det er naturleg.
Cittaslow stiller 72 kvalitetskrav og er inndelt i 7 hovudområde som me baserer vår sertifisering på. Den som søkjer må imøtekoma 4 av desse hovudområda for å verta vurdert som Cittaslow bedrift.
-
Energi- og miljøarbeid.
-
Infrastruktur.
-
Fornying og utvikling.
-
Landbruk, reiseliv og handverk.
-
Gjestfridom og vertskap.
-
Fellesskap og integrering.
-
Lokalt samarbeid
Korleis gagnar det deg?
-
De blir med i tevlinga om årets Cittaslow-pris. Prisen vert delt ut på Oktobertorget kvart år.
-
De får tildelt eit diplom der det vert skildra kvifor akkurat di verksemd/lag har blitt godkjent.
-
De får eit skilt med Cittaslow-logo til å festa på yttervegg eller liknande.
-
De blir ein viktig del av arbeidet med å verna om og vidareutvikla «det gode liv» i Ulvik, samstundes som de stør opp om lokal produksjon og vidare utvikling av den flotte bygda vår og alt me har å by på i dag og i framtida.
-
De kan ta i bruk ein internasjonal anerkjent logo i all marknadsføring og blir del av eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt Cittaslow nettverk.
Send oss ein søknad, då vel! Etter søknaden er motteken vil du verta kontakta.