Venskapsbyavtale mellom Ulvik herad og Greve-in-Chianti

Avtalen (BILDE).jpg - Klikk for stort bilete

Hardanger har ei utvekslingshistorie med Greve-i-Chianti i Italia som starta allereie i 2009. Fokuset då var på mat og utveksling av lokal matkultur gjennom eit prosjektet til Hardangerrådet. Saman med Hardangerrådet reiste fleire produsentar frå Hardanger og Ulvik til Greve-i-Chianti i Toscana i Italia og delte norske matopplevingar og tradisjonar. Dei utveksla erfaringar og historier med lokale produsentar. Slow Food organisasjonen i Hardanger er særs aktiv og har spelt ei avgjerande rolle for utviklinga.

Hardangerkonferansen 2010 hadde tittelen ”Det internasjonale Hardanger” der Hardangerrådet inviterte dåverande ordførar i Greve-i-Chianti til å fortelja om sitt arbeid og engasjement for sin by. Saman med turistsjef Alessandra Molletti var dei oppteken av Slow Food og Cittaslow, og ynskja å knyta band til regionen. I 2011 gjennomførte Hardangerrådet ved Team Hardanger prosjektet «Hardanger i Greve in Chianti». Då var småskalaprodusentar med for å servera Hardangerprodukt i Italia.

Oktober 2014 reiste ein delegasjon frå Ulvik til Greve-i-Chianti. Delegasjonen var samansett av ordførar, formannskapet, representantar frå lokalt næringsliv, og administrasjon. Ulvik blei sertifisert i Cittaslow nettverket i april 2015 og deltok på den årlege internasjonale årsmøte (General Assembly) som blei halden i byen Abbiatograsso i Italia i juni 2015. Saman med leiaren av Slow Food Hardanger møtte ordførar og administrasjon igjen ordførar i Greve-i-Chianti. Det blei avtalt besøk hjå kvarandre og vidare dialog kring å formalisere samarbeidet og vennskapsbyinnhaldet. Ein delegasjon på seks frå Greve var i Ulvik 29.september – 3. oktober for å signere. Delegasjonen besto av bl.a. ordførar Paulo Sattori, turistsjef Alessandro Molletti, kulturbyråd Lorenzo Lotti og ansvarleg for søsterbyavtaler i Greve Flavia Affortunati.

Kvifor ei venskapsavtale?
Ulvik og Greve ynskjer saman å arbeida for og betre innbyggaranes livskvalitet, auka fokus på matproduksjon og nyskaping og samstundes ivareta naturen og miljøet rundt oss. Intensjonen med ei søsterbyavtale er mange. Venskapsbyer verden over er eit glimrende høve til å dele av erfaringar, kulturer og forvaltnings praksiser. Dei så kalte “Gode Døme”. Samarbeidet er i tråd med Ulviks vedtak og godkjenning som Cittaslow medlem. Det er mogleg å bruka nettverket og samarbeidet slik at det gagnar dei to stadane ved å utveksla røynsler, kulturar og prosjekt.

Det viser seg at det offentlege internasjonale samarbeidet ofte er døropnarar for næringslivet. Hardanger står mykje i same situasjonen som Toscana var for 20 år sidan: fråflytting og næringstørke. Dei har teke grep som har snudd utviklinga, mellom anna ved å få nytt liv inn att i dei mange små vingardane som var til nedfalls. Dei har også heisa opp den regionale kulturen og reiselivet som eigne satsingsområde, og suksessen er stor. Toscana er Europa si vogge, seier dei der. Greve by og Chianti som område har skapt seg ny framtid gjennom t.d. felles merkevare som ”den svarte hanen”. Me har også merkevare Hardanger, og Ulvik har mange moglegheiter her.

Venskapsavtalen:

  1. Denne vennskapsby-avtalen er ein levande samarbeidsavtale mellom dei to lokalsamfunna GREVE IN CHIANTI (Italia) og ULVIK I HARDANGER (Norge).

Det skal vera tydelege fokusområde, strategiske målsetjingar og utvekslingar basert på kompetanse og røynsler. Desse skal resultera i årlege arrangement/utvekslingar både fysisk og i form av annan kommunikasjon gjennom andre media. Dette er for å sikra at avtalen er ein aktiv, positiv reiskap til lokal samfunnsutvikling i både Greve og Ulvik.

  1. Vennskapet har som mål å forsterka innbyggarane sin livskvalitet, auka medverknad og deltaking, samt forsterka internasjonal solidaritet og medvit . Samarbeidet skal vidare stimulera til entreprenørskap, nyskaping og utvikling, på same tid som me forvaltar naturen og miljøet rundt oss på berekraftig vis.
  2. Ved å formalisera eit samarbeid og vennskap innan Cittaslow-nettverket, vil ULVIK og GREVE aktivt bruka Cittaslow og Slow Food-rørsla som ein reiskap for lokal og regional utvikling, dele våre gode døme og skapa nye saman.
  3. Både Greve og Ulvik er del av ein større regionsdestinasjon. Desse regionane er kulturlandskap kjende for lokal produksjon og sterke kulturidentitar. Natur, agro-turisme, landbruk, kultur og kulturlandskapet dannar grunnlaget for både besøkjande og fastbuande. Denne innovative koplinga mellom gardsbruk, produsent og reiseliv fremjar den identiteten og dei tradisjonane me begge deler og som me kan bruka som utgangspunkt for å læra av kvarandre.
  4. Begge vennskapsbyane er ansvarlege for å halda kommunikasjonen og dialogen mellom oss aktiv og levande.

Vil du veta meir om vår venskapsby Greve-in-Chianti og regionen Toscana?
Vurderer du å besøkje Toscana eller Greve?

Sjå heimesida til regionen her eller ta kontakt med bygde og næringsutviklar for informasjon og kontaktpersoner i Greve!

Link til turistinfo i Greve

Link til FB sida

IMG_7763.JPG - Klikk for stort bilete

 

avisutklipp.jpg - Klikk for stort bilete

 

IMG_7959.JPG - Klikk for stort bilete

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 10.04.2017