Cittaslow bygda Ulvik

Cittaslow bygd - Klikk for stort bilete

 

Ei bygd tufta på lokal kultur og historie.

 

11. april 2015 vart Ulvik herad formelt godkjend av den koordinerande komité som Cittaslow kommune.

Ulvik herad er den fjerde kommunen i Noreg som er godkjend og føyer seg med dette  inn i rekkja av kommunar i eit internasjonalt nettverk som dekkjer 25 land.

Godkjenninga inneber å møta kriteria til Cittaslow organisasjonen som er delt inn i desse hovudtema:

Energi og miljø
Levekår
Landbruk, turisme og handverk
Gjestfridom, beredskap og infrastruktur
Sosiale tihøve 
Partnarskap og Slow Food aktivitetar.
 
I alt er det 77 kriterium som skal oppfyllast, halvparten ved inngåing av medlemskap. Søknad vert skrive på eige søknadskjema på engelsk og vert tilrådd av det nordiske Cittaslow -nettverket og formelt godkjend av det internasjonale rådet.
Generalforsamling vert skipa til kvart år og blei i 2015 arrangert 19. -21. juni i Abbiategrasso . Ordførar, bygde- og næringsutviklar og leiar i Slow Food Hardanger deltok .
 
Historie
Cittaslow-rørsla vart stifta i 1999 då 33 byer i Italia møttes og skreiv under på eit medlemscharter som grunnlag for rørsla sitt arbeid. Utgangspunktet for rørsla var den standardiserte bygde- og tettstadsutviklinga  etter kvart har tatt, med like fasadar, same butikkjeder, same vareutval og reklame. Stadene vert meir og meir einsarta og homogene. Skilnadene vert viska bort, og stadene sine  sætrekk forsvinn. 
Eitt av måla for Cittaslow-rørsla er å ta vare på mangfaldet og det særpreget kvar kommune har. Hovudmålet er å betre livskvaliteten til innbyggjarane og skapa identitet til kommunen og staden. 
 
Cittaslow Norden
Nordisk nettverk Cittaslow består av kommunane: Kristinestad i Finland, Falköping i Sverige, Mariagerfjord og Svendborg i Danmark, Djúpavogshreppur på Island og Eidskog, Levanger og Sokndal i Noreg.
Årsmøte 2015 vert arrangert 22. – 24. september i Ulvik. Her vil heradet få overrekt sitt Cittaslow sertifikat.
 
Forankring 
Eit samrøystes heradstyre har gjort vedtak  om å bli sertifisert som Cittaslow kommune.
Eit utgangspunkt for arbeidet har vore ei eksamensoppgåve i samfunnsentreprenørskap ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling ”Cittaslow i Ulvik” med undertittel:  ”Korleis kan heradet mobilisera til felles strategi og visjon?” Den er blitt utarbeida av kommunen sin bygde- og næringsutviklar og ordføraren.
Med eit samrøystes vedtak i heradstyre , fekk søknaden ein solid forankring lokalt og det vart arrangert ein studietur med ei brei samansett gruppe til Greve in Chianti, Italia i oktober 2014. Her var representantar frå det offentlege administrasjonen, politikarar og det private næringslivet med. Det har vore heilt naudsynt og avgjerande med sterk støtte og forankring hjå ordførar og den politiske - og administrative leiinga for å få kommunen godkjend.
 
Slow Food 
Slow Food sin filosofi og den lokale foreininga av rørsla , Slow Food Hardanger, vil vera vesentlege element i ”skapinga” av Cittaslow. Dagsorden handlar mellom anna om at gastronomi kan bli ein drivkraft for  lokal- og regional utvikling. Det handlar om å byggja føresetnader for sysselsetjing og økonomisk tilvekst. Det gjeld også i høve til undervisning om lokal gastronomi og matkultur.
Alt i 2002 retta Slow Food Hardanger ein førespurnad til kommunen om Cittaslow medlemskap.  I løpet av desse 13 åra har haldningar endra seg og er no kome på den kommunale dagsorden.
 

Cittaslow international

 
Kontaktinfo Cittaslow:
 
Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen
Bygde- og næringsutvikler Natalia Golis
 
 
 
Publisert av Anne-Marit Lekve. Sist endra 14.07.2017