Cittaslowrådet

Cittaslow arbeidet i heradet er forankra i heradstyret og organisert hjå administrasjonen, eit Cittaslow sekretariat og eit Cittaslowråd. Rådet vart konstituert i 2016 og er breitt samansett av representantar frå næringslivet, reiselivet, kulturlivet, ungdom, frivillige lag og organisasjonar, undervisning/skule, landbruk, festivalarrangørar, andre institusjonar og nettverk med relevans for arbeidet med Cittaslow.
 

Cittaslow - Klikk for stort bilete
Viktige oppgåver for rådet er:
- Å fremja Ulvik som ein stad kor det er godt å leva.
- Å vera inspirator og skapa merksemd.
- Å skapa dialog kring Cittaslow.
- Å innstilla verksemder, lag og organisasjonar til sertifisering. 

Referat Cittaslowrådet 2016-2019

Vedtekter for Cittaslowrådet (PDF, 242 kB)

Cittaslowrådet har 11 medlemar med vara medlemar.
Ingrid Prestegard Leiar, Brakanes Hotell
Håkon Gjerde Nestleiar, Politisk representant
Vibeke Korsnes, Ulvik næringslag
Arne Haukeland, Brakanes skule
Gunnbjørg Øyre, Hjeltnes vidaregåande
Geir Netland, Olav H. Haugesenteret
Stein Olav Kolås, Bondelaget
Pål Drønen, Slow Food Hardanger
Jenny Johnsen, Ulvik Bygdekvinnelag
Ingvild Sygnestveit, Politisk representant
Vegard Innset Ulvik, ungdomsråd
Hans Petter Thorbjørnsen, Ordførar, observatør
Natalia A. Golis, Sekretariat, bygde- og næringsutviklar

 
Kontakt informasjon:
Ynskjer du kontakt med rådet eller vil melde opp ei sak du brenn for?
Kontakt:
Leiar Ingrid Prestegrad: ingrid.prestegard@politikkulvik.no
Eller
 
Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 08.02.2017