Veit du at du kan røyste frå og med 1. juli?

Val - Klikk for stort bilete Om du er vekkreist eller av andre grunnar ikkje kan røyste i den ordinære perioden for førehandsrøysting 12. august - 6. september, eller på valdagen 9. september, kan du ta kontakt med oss på Tenestetorget for å gje røysta di frå 1.juli.

 

 

Obs. Dersom du ønskjer å røyste ved både kommunestyrevalet og fylkestingsvalet må du gjera dette samtidig. 

Tidleg førehandsrøystegjeving er eit tilbod for å sikre at alle veljarar som ønskjer det, skal få gje røysta si. 

Periode: 1.juli - 9.august
Stad: Tenestetorget
Tilgjenge: god 

 

Om du bur i utlandet, kan du røyste på førehand frå 1. juli. For meir informasjon sjå valg.no

 

Sjå elles lokal info om valet på heradet sine heimesider.

Sist endra 20.06.2019
Publisert 29.05.2019
valurne

 

Valstyret har godkjent listeforslaga til kommunestyrevalet 2019 i Ulvik herad 

Publisert 29.05.2019
valurne

 

Valstyret har godkjent listeforslaga til kommunestyrevalet 2019 i Ulvik herad 

Publisert 10.05.2019
Val

Stad: Tenestetorget sentrumsbygget 

Tid:  Kl. 10:00- 19:00 

 

Hugs Valkort og legitimasjon. 

 

Publisert 12.04.2019
Val

11.april gjekk det ut brev til kandidatane på listeforslaga til heradsstyrevalet vedk. retten til å krevje fritak frå val til heradsstyre.  

Publisert 09.04.2019
Val

 

Frist for forslagsstillarane for å kalle tilbake listeforslag, er seinast 20. april kl. 12, jf. valgloven § 6-5.

 
I 2019 er 20. april ein laurdag og påfølgande måndag er 2. påskedag. Som regulert i vallova § 15-5 begynner fristen
da å løpe næraste kvardag. Fristen for å kalle tilbake listeforslag i 2019 er difor tyrsdag 23. april.
 
 
Publisert 09.04.2019
Val

 

 

Valdagen er 9. september 2019 

 

Publisert 19.02.2019
Val

Den 1. april kl. 12.00 er det frist for å levere inn listeforslag til kommunevalet 2019.