Det er kome inn 4 nye positive prøvesvar på Covid19 i dag, og dermed er det 100 personar som er smitta med Covid 19 i Ulvik, dette inkluderer prøvesvar til og med 08.02.2021.
Alle som tidlegare har testa negativt og som har ein eller fleire med smitte i familien, må ta ny test i løpet av denne veka. . Det blir prøvetaking i Fleirbrukshallen på fylgjande tidspunkt:
Onsdag: Kl. 12 – 16
Torsdag: Kl. 12 – 16
Fredag: Kl. 12 – 15 (Helsepersonell kl 15 – 16)
Du treng ikkje ringja legekontoret for å avtale testtidspunkt, berre møt opp i aktuelt tidsrom.