Nyhende
Publisert 28.05.2020
Cittaslow

No kan du lese referat frå siste møtet i Cittaslowrådet.          

 

Les referatet her (PDF, 133 kB)

Publisert 22.05.2020
Bibliotek

 Biblioteket opnar opp igjen kommande måndag.

Ope 16.00 - 19.00

Publisert 20.05.2020
Brunskogsnegle A

 Ulvik herad jobbar med Nemaslug-prosjektet i år og. LOG, som er grossist på Nemaslug i Noreg, har opplyst om at Nemaslug mest sannsynleg kjem inn til landet rundt 25. mai. Følg med på nettsidene for oppdatering og dato for utdeling. I mellomtida vil plukking av sniglar vere eit godt tiltak i hagen.

Publisert 20.05.2020
Ledig stilling

Ulvik herad ynskjer å styrka det lokale utviklingsarbeidet, særleg retta mot turisme og næringsliv. Me søkjer difor no etter nærings- og reiselivssjef i fast 100% stilling. Stillinga er organisatorisk lagt under rådmannen, og skal driva utviklingsarbeid i tett samarbeid mellom nærings- og reiselivet, næringslivsorganisasjonar og kommuneadministrasjonen. 

Søknadsfrist: 7.juni 2020