Korttidsopphald

Korttidsopphald kan tildelast for rehabilitering, observasjon og medisinsk vurdering som ikkje krev sjukehusinnlegging. Opphald kan forlengast til potensialet vert vurdert som nådd.

Kvifor?

  • Tenesta skal nyttast for å utgreia tenestemottakaren si evne til eigenomsorg, og for å vurdera behov for framtidige tenester/tenestenivå.
  • Tenesta vert nytta i ein avgrensa periode for tenestemottakarar som på grunn av sjukdom/endring i funksjonsnivå treng omfattande tilsyn og hjelp.
  • Brukar opprettheld og/eller trenar opp funksjonar.
  • Medisinsk utgreiing og/eller behandling.
  • Rehabilitering.
  • Førebyggjing og lindring av fysiske og psykiske symptom.

Kriterium for tildeling

  • Pasientar som for ein tidsavgrensa periode treng døgnkontinuerleg observasjon, vurdering, pleie, behandling, tilsyn og/eller opptrening/rehabilitering, eller omsorg ved livets slutt. Det vil alltid verta vurdert om naudsynt helsehjelp kan bli gjeven på ein fagleg forsvarlig måte i heimen. Ved behov for observasjon og vurdering må det først avklarast om behovet er av ein slik art at naudsynt helsehjelp må ytast av spesialisthelsetenesta.
  • Brukarar som har ein kronisk sjukdom med dødeleg utgang, og har behov for eit kortare/lengre opphald i samband med:
    • Observasjon og vurdering av medisinsk behandling.
    • Observasjon og oppfølging av palliativ (lindrande) behandling.
    • Eige ynskje om å avslutta livet på sjukeheim.

Lovgrunnlag

Korttidsopphald i institusjon er lovpålagt med heimel i Helse- og omsorgs-tenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav c.

Kva må du gjera?

  • Søkja tildelingskontoret om korttidsopphald i institusjon.
  • Ta kontakt ved behov for informasjon, råd, rettleiing og ev. ved klage.
  • Gjere deg kjend med innhaldet i vedtaket.
  • Den enkelte brukar utfører det han/ho meistrar sjølv.
  • Ta ansvar for verdisaker som tvert tekne med til institusjonen.
  • Sørgje for at private klede er merka.
  • Sørgje for transport og betaling til og frå institusjonen.

Kva koster det?

Vederlag for opphaldet vert krevd ihht. ”Forskrift for vederlag for opphald i institusjon”, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 11-2.

Slik søker du:

  1. Last ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester
  2. Beskriv behovet ditt for hjelp
  3. Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret i vanleg post

 

Betaling etter satsar fastsett i forskrift. 

Prisar

Sørviserklæring (PDF, 16 kB)

Publisert av Claudia Saathoff. Sist endra 16.02.2018
Artikkel (1)