Betalingssatsar for ulike tenester i avd. pleie og omsorg

 

Opplysningar:

Det er husstanden si samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag ved siste skattelikning som vert lagt til grunn for betalingssatsen (ektefelle/sysken/barn over 18 år m/skattbar inntekt).
I tillegg vert også hjelpestønad frå folketrygda lagt til inntekt, medan omsorgsløn skal trekkjast frå.

Dersom reduksjon i inntektsgrunnlaget det siste året kan ein få redusert sats for eigenbetaling. Ved endring i pensjon/inntekt og/eller endring i sivil status har den enkelte sjølv ansvar for å senda inn nye
inntektsopplysningar til pleie og omsorg for evt. justering av betalingssatsen. Inntil ny dokumentasjon føreligg vil tidlegare innsendt betalingssats verta nytta som grunnlag.

Kontaktperson i spørsmål som gjeld eigenbetaling er Heimehjelpsformidlar Signy Osa, tlf. 56-52-70-80.

Det må betalast for minimum 1 time + kvar påbyrja ½ time.

Tryggleiksalarm : kr 308 / mnd

Betaling for korttidsopphald, dag/nattopphald og vederlag for langtidsopphald i institusjon fylgjer satsar fastsett av Helse og Omsorgsdept.

Prisar heimehjelp frå 1/1-20
Prisar heimehjelp frå 1/1-20
InntektBetaling pr timeMaks bet pr mnd
Under 2 G210,00
2-3 G85,00671,00
3-4 G 162,001286,00
4-5 G221,001.773,00
5-6 G277,002.214,00
Over 6 G346,002.762,00
Kjøp av mat, frå 1/1-20
Kjøp av mat, frå 1/1-20
 Pris pr måltid
Frukost/kvelds/suppe v/institusjon38,-
Middag m/dessert v/institusjon og utkøyring92,-
Kortidsopphald/rehab. plass institusjon, frå 1/1-20
Kortidsopphald/rehab. plass institusjon, frå 1/1-20
Pris 
Dag/nattopphald90,00
Korttidsopphald 170,00 pr.døgn
Publisert av Claudia Saathoff. Sist endra 21.01.2020