SOMMARHELSING FRÅ OMSORGSTUNET.

Sol.-300x286.jpg - Klikk for stort bilete  Kjære alle saman!

Det siste året har vore eit krevjande år med mykje nytt å setje seg inn i. Kohortar, karantene, isolasjon, munnbind, vask av hender og avstand er blant stikkord som me har vorte godt kjende med gjennom dette året.

 Me opplev at det, trass alt, har gått veldig bra for oss på omsorgstunet. Pasientane har hatt det godt – sett folk kvar dag som bryr seg og som tek seg tid. Sjølvsagt har det vore utfordrande å ikkje kunne ha besøk i periodar, av dei ein har nær og kjær. Me har teke i bruk digitale løysingar, som har fungert strålande for dei som har hatt ynskje om å ta det i bruk.

Det er herleg no når vaksineringa og smittetrykket generelt i landet tilseier at me kan opna opp meir på omsorgstunet. Nokre aktivitetar har me allereie sett i gang med, for dei eldre heimebuande. Dei fleste aktivitetar står likevel litt på vent til etter ferieavviklinga.

Besøkjande på omsorgstunet har tidlegare måtta ringa og avtala tid for å besøkja sine næraste. Det treng ein ikkje lenger gjere, men det er nokre rutiner me ynskjer at skal fylgjast gjennom sommaren likevel:

  • Besøkjande må vera friske og utan luftvegssymptom når ein skal på besøk på omsorgstunet.
  • Besøkjande må sprite eller vaske hendene godt når ein kjem.
  • Besøkjande må halde avstand til andre besøkjande, pasientar og til personalet.
  • Besøkjande oppmodast til å vere på rommet til den ein besøkjer. Unntaksvis kan ein bevege seg inn i avdelinga. Det er mogeleg å få kontakt med personalet gjennom alarmknappen til den enkelte pasient.
  • Besøkjande må gå inn verandadør til den enkelte pasient sitt rom. Er det låst, ringjer ein 56527080, så låser me opp.
  • Besøkjande MÅ registrere seg ved å skrive navnet sitt på lista som heng på rommet. Dette bidreg til raskare smittesporing om det skulle verte naudsynt.

 

Me ynskjer å takka alle for at de har vist forståing og tolmodigheit gjennom den tida me har hatt – spesielt etter koronautbrotet i februar.

Med ynskje om ein riktig god sommar til deko alle!

Mvh

Siw Marlene Bolstad, på vegne av personalet på omsorgstunet

Publisert av Beate Frøystein. Sist endra 23.06.2021