Dagsturhytta Solhaug - Status

 Då er dei fleste førebuingane klare for  å ta i mot dagsturhytta i Åsen.

dagsturhytte-080120.jpg - Klikk for stort bilete

  • Me har fått avgravd og klarert tomta.
  • I nær framtid vil Stadt Kystbygg koma for å støype fundament for hytta.
  • Arbeidsgruppa har merka stien frå Holmen Idrettsanlegg og opp til hytta. 10 flotte skilt med dagsturhyttesymbol viser tydeleg veg.
  • Arbeidsgruppa har rydda skog rundt hytta, som no har fått ei meir ope og fin utsikt utover bygda.

Vi har ikkje fått eksakt dato for kor tid hytta kjem inn fjorden, men den vil koma ein dag mellom 12.-15.aug.

Hytta vil bli løfta med helikopter direkte frå båten, og deler av hytta vil verta montert direkte på tomta.

Resten av arbeidet med montering vil Stadt kystbygg gjennomføre i starten av  september.

Kommunenen skal sjølv byggje treplatting rundt hytta og syte for at golvet inne i hytta vert behandla før hytta vert teken i bruk.

Dersom alt går etter planen, reknar me med å få hytta klar til bruk i slutten av september.

Dette er eit flott tiltak for å få fleire ut på tur og nytte turmoglegheitene som ligg i nærmiljøet.

Me gler oss!

 
utsikt frå tomta, dagsturhytte.jpg - Klikk for stort bilete dagsturh1.jpg - Klikk for stort bilete dagsturhytta_01.jpg - Klikk for stort bilete
Publisert av Anne-Marit Lekve. Sist endra 14.06.2021