Status på Osafjellsvegen

Ras osafjellsvegen - Klikk for stort bilete

Teknisk eining har saman med rep. frå Statkraft og entreprenør vore å synfart raset på Osafjellsvegen, og konstatert at det må gjerast omfattande arbeid i området før vegen eventuelt kan opnast igjen. Det skal gjennomførast ny synfaring i veke 33, der ekspertise på fjellsikring vil vurdere skadane og arbeida, og det vert desse vurderingane som vert avgjerande for framdrifta.

Vegen er derfor stengt ved krysset Rundavatn/Langavatn inntil vidare. Vegen til Rundavatnet er fortsatt open.

Ulvik herad vil på det sterkaste oppmoda folk som ferdast i området om ikkje å oppsøkje rasstaden, då det framleis er snøsmelting og ustabile massar i skråninga.

Me vil komme med oppdatert informasjon på heimesidene våre så snart det ligg føre.

. 

Publisert av Claudia Saathoff. Sist endra 04.08.2020