DD.MM. Kongen og dronninga sitt besøk til Ulvik 19. Juni 2019. Program for dagen

kongeparet4.jpg - Klikk for stort bilete Onsdag 19. juni kl 15:30 kjem Kongeparet til Ulvik, og me håpar alle kler seg i finstasen og deltek på folkefesten på Hjeltnes. Kongeparet er opptekne av å møta menneskje, og det er difor lagt opp til at dei skal vera nær publikum. Me ynskjer at dette skal verta ein folkefest for alle i heradet og andre som vel å leggja turen til Ulvik denne dagen. Det er hyggjeleg med båtliv på fjorden når Kongeskipet kjem og reiser, og me oppmodar folk om å flagge.

 

Program for dagen

 

1532    Ankomst Tysseviki småbåthavn med sjalupp

Skulemusikken spelar

 

Velkomst av havnesjef, blomsterbarn, Ordførar og politimeister.

 

1535    Avreise til Hardanger Produksjonsskule/Fagskolen i Hordaland avd Hjeltnes, Hjeltnes

            Kortesjen med Kongeparet og Ordførar køyrer Frukt- og Siderruta

 

1553    Ankomst folkefest på Hardanger Produksjonsskule/Fagskolen i Hordaland avd Hjeltnes

 

Kongeparet helsar på 4 lokale utstillarar:

-          Frukt og siderruta: Syse gard, Ulvik Frukt & Cideri og Hardanger Saft- og siderfabrikk AS 

-          Hardanger produksjonsskule

-          Hjadlane Galleri

-          Ulvikatorget    

 

1605    Ordførar leiar Kongeparet til folkefesten

            Konferansier Ørjan Hjeltnes ynskjer velkommen

 

1607    Offisiell velkomsttale v/Ordførar

Musikalsk innslag ved Kulturskulen

 

Haugesenteret v/Geir Netland

 

1620    Musikalsk innslag ved Kulturskulen
 

1625    H.M. Kongen talar

 

1630    Allsong: Ulvika-songen. Skulemusikken spelar.

 

1640    H.M. Dronninga plantar eit tre på skulen

 

1645    Avreise frå Hjeltnes

 

Busstransport Sentrum-Hjeltnes-Sentrum:

Buss frå Sentrumsbygget (Busshaldeplassen): kl 13:30, 13:45, 14:00, 14:15, 14:30 og 14:45. Retur ved programslutt. Bussane går så lenge det er folk att, fram til kl 18:00.

 

Parkering:

Parkering i Holmen og langs med Tymbernesvegen frå kl 14:00. Eigne parkeringsvakter i lag med Politiet vil handtere parkeringa. Me ber folk om å parkere i sentrum og nytte seg av innleigde bussar. Det vil ikkje vera råd å køyre opp til Hjeltnes frå krysset Tymbernesvegen (vegen vert stengt), så alle må gå opp frå Holmen eller gangvegen frå Tymbernesvegen.

 

Restriksjonar:

All bruk av drone er forbode i den perioden Kongeparet er i Ulvik. Dette vil Politiet handheve strengt.

Sist endra 14.06.2019