Melding om kunngjering av første utkast til kommunedelplan

trafikkskilt.jpg - Klikk for stort bilete  SKILTPLAN FOR ULVIK HERAD

Høyringsfrist fredag 3. mai 2019

 Ulvik herad v/formannskapet gjorde på møte den 13.03.2019 følgjande vedtak:

  1. I medhald av plan- og bygningslova § 11-14 legg fast utval for plansaker (formannskapet) ut høyringsutkast av Skiltplan Ulvik herad, dagsett 04.03.2019, til offentleg ettersyn.
  1. Høyringsfristen vert sett til 03. Mai 2019.

Utkast til planen finn ein på heradet sine heimesider skiltplan høyringsutkast  skiltplan fyrste utkast og Ulvik herad v/tenestetorget, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik.

Eventuelle merknader eller innspel til planen sendast til Ulvik herad, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik eller på epost postmottak@ulvik.kommune.no . Eventuelle spørsmål kan rettast til prosjektleiar Milos Cemovic.

Publisert av Hege Nielsen Børve. Sist endra 15.03.2019