Besøket startar i Jondal kommune på føremiddagen tirsdag 18. juni, og Odda kommune får besøk på ettermiddagen. Onsdag føremiddag kjem Kongen og Dronninga til Granvin herad og avsluttar dagen med å besøkje Ulvik herad. Kongeskipet «Norge» vil bli nytta under fylkesturen.
Ulvik herad er stolte over at Kongeparet kjem på vitjing til Ulvik. Programmet for besøket er ikkje på plass enno, men det vil vere arrangement som er opne for innbyggarane. Meir info kjem seinare.