Radonmålingar i fleirbrukshallen.

info.jpg - Klikk for stort bilete

I samband med at det er målt for høge verdiar av radon i fleirbrukshallen har heradet som avbøtande tiltak køyrt ventilasjonsanlegget frå kl.06:00 til kl. 21:00. Dette vert gjort for å komme under grenseverdikravet i TEK 10 § 13-5 på 100 Bq /m3 i driftstida av bygget.

 

 

Tiltaka kjem til å halde fram til entreprenøren har fått gjort dei naudsynte tiltaka for å sikre bygget mot radon. Arbeidet kjem til å verta utført i desember 2019 og januar 2020.

.

Sist endra 02.12.2019