For deg som har vassmålar: Avlesing av målarstand innan10 desember

info - Klikk for stort bilete Jf. Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Ulvik herad § 7 Vassmålar vert avlesing føreteke ein gong kvart år (kring årsskiftet). Abonnenten føretek avlesing og innmelding innan ein frist som heradet fastset. Dersom avlesinga av vassmålar ikkje vert utført til fastsett tid eller dersom data ikkje vert meldt inn til heradet, vert årsforbruket stipulert. For manglande avlesingsdata ved årsskiftet vert eigedomen fakturert for eit gebyr på kr 100.

 

Avlesinga (dvs. målarstand på vassmålar, ikkje omrekna forbruk) må bli rapportert heradet skriftleg anten på e-post postmottak@ulvik.kommune.no eller på vanleg post til Ulvik herad, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik, innan 10. desember.

Ved anna rapportering enn nemnt over, kan ein risikera at avlesinga ikkje vert formelt registrert og dermed vert stipulert etter gjeldande forskrift.

 .

fyrste gong publisert 18.11.19 

Sist endra 02.12.2019