Ledige stillingar som brannkonstabel

Det er ei ledig deltidsstilling i Ulvik brannvern – 2 % stilling fast. (Merk saksnr 20/333) 

Det er ei stilling som vikariat i deltidsstilling – 2% fram til 30.04.2021. (Merk saksnr. 20/334) 

 

Søknadsfrist: 15.07.2020

 

Ledig stilling - Klikk for stort bilete Ulvik herad har ledig fast stilling som brannkonstabel. Storleiken på stillinga er 2 % +

at det kan verta aktuelt med  deltaking i helgevaktsordninga.

 

Fellesøvingar (alle mannskap) er lagt til kveldstid mellom 18:00 og 21:00. Medan øvingar med 3 personar (2 personar på helgevakt) er normalt lagt til fredag ettermiddag – kvar 5 veka. Denne øvinga er på 2 timar.

 

Jobben i brannvernet høver like godt for kvinner som for menn, og dersom du er over 20 år og

oppfyller eit eller fleire av fylgjande kulepunkt - er du gjerne den rette for oss:

• Bur (og helst arbeidar) innanfor 3-4 min køyretid frå brannstasjonen

• Ei føremon dersom du har førarkort for tyngre køyretøy – klasse C

• Har teoretisk / praktisk kunnskap innanfor fyrstehjelp /HLR

• Har praktisk jobberfaring

• Har gjennomført sikkerheitsopplæring / røykdykkarutdanning

• Meistrar norsk skriftleg og munnleg

 

Det viktigaste er likevel at du har lyst til å gjera ein innsats i brann og redningsarbeid i bygda di. Det vil verta gitt intern opplæring i faget - undervegs i arbeidsforholdet. Ein vert pålagd å gjennomføra obligatoriske kurs/utdanning innan brann og redningsfaget.

Søk elektronisk her. merk med saksnummer 20/333 el. 20/334 etter kva stilling du søkjer. 

For spørsmål i samband med desse stillingane kontakt varabrannsjef Jens Olav Holven på telefon nr 936 10 913

Søknadsfrist: 15.07.2020

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 30.06.2020