Vil du vera fritidskontakt?

 

Ulvik herad treng deg som har lyst til å verta fritidskontakt. Målet med tenesta er å hjelpa menneske til å få ei sosial og meiningsfull fritid. Tenesta kan gjevast til born, ungdom eller vaksne som ikkje kan delta på ulike fritidsaktivitetar på grunn av fysiske, psykiske eller sosiale avgrensingar.

Alle kan i utgangspunktet verta fritidskontakt, det er ikkje krav om fagleg bakgrunn eller liknande. Me oppfordrar difor alle over 16 år til å sende inn ein open søknad.

Les meir her 

Til toppen