Vidareutvikling av området «Holmen» i Ulvik herad.

Holmen - Klikk for stort bilete

Ulvik herad er no i ferd med å overta eigedomar i Holmen frå Hordaland fylkeskommune.
For å sikre ein føremålstenleg bruk og utvikling av Holmen-området, har Heradsstyret sett ned ein komité til å greie ut kva utvikling ein ynskjer for Holmen-området samla, og eigedomane som heradet tek over frå fylkeskommunen særskilt. I samband med dette arbeidet ønskjer komitéen innspel frå aktørar som vil vera med på å vidareutvikle området i Holmen.

 

Tomt 1. Areal 30 daa. Regulert til idrettsanlegg og badeplass
Tomt 2. Areal 14.3 daa. Ligg med arealformålet LNFR i kommuneplanens arealdel.
To bustadhus ( Isdalshuset og Jacobsstova) med tilhøyrande bygningar ligg på eigedomen.
Tomt 3. Areal 16,3 daa. Ligg med arealformålet offentleg eller privat tenesteyting i kommuneplanens arealdel. Bygningar: Veksthus/kaldtlager ca. 400m2 – Kjølelager ca. 450m2- kaldtlager- 500m2 – administrasjonsbygg ca. 275m2 – opparbeid tomt ca. 2000m2
Snauholmen. Regulert til friluftsområde.

For meir informasjon om planstatus:

Nedsetting av komité for vidareutvikling av området i Holmen (PDF, 306 kB)

Kartportalen til Ulvik herad

 

Reguleringsføresegner og plankart

 

Bilete tomt 3

 

Kontaktperson for arbeidet er John Grimeland mobil: 40007124 /e-post: john.grimeland@ulvik.kommune.no

Send innspel merka «Komité for vidareutvikling av området i Holmen» anten på e-post til postmottak@ulvik.kommune.no , eller med post til Ulvik herad , Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik

Fristen for å sende innspel er 15.01.2019
 

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 13.11.2018