Veldrive daglegvarebutikk i sentrum av Ulvik for sal

Ein unik moglegheit til å kjøpe ein veletablert daglegvarebutikk med tilhøyrande lokale

Joker Ulvik har vore i drift i dei same lokala i 25 år når eigaren no vil pensjonere seg. Butikken ligg på gateplan i eit bygg med 18 leilegheiter i etasjane over, og med Brakanes kurs og konferansesenter på andre sida av bygget.

 

Lokala har butikkinnredning for daglegvare med kjølerom, fryserom, kjøkkenkrok, kontor, spiserom og lager. Det er god adkomst for varelvering og frå parkering i gata utanfor.

Areal:

  • BTA 345 m2
  • BRA 330 m2

 

Butikken er ein av to daglegvarebutikkar i bygda, og ein møteplass for innbyggarane.

Ulvik er ei turistbygd og ei fruktbygd inst i Hardangerfjorden, omkransa av flotte skog- og fjellområde. Her er om lag 80.000 kommersielle gjestedøgn årleg, fordelt på hotel, gjestehus, hytter og camping. Bygda har eit aktivt friluftsliv og kulturliv og mange aktivitetstilbod for born. Ulvik herad har eit godt tenestetilbod, med helsesenter og nybygd sjukeheim. Skulen har fleirbrukshall og svømmebasseng. Alle som ønskjer det får barnehageplass og plass på skulefritidsordning.

Ta kontakt med

Birte L. Sæland på tlf 917 33 552 eller e-post joker.ulvik@joker.no for meir informasjon om butikk og eigedom.

Meir informasjon om Ulvik finn du her på heimesidene våre og på visitulvik.no

Til toppen