Vegen til Osa er stengt

Det har gått eit jord- og steinras på fylkesvegen inn til Osa, og vegen er difor stengt. 

Det skal gjerast ei vurdering av stenginga kl. 22 i kveld, men vegen blir truleg stengt til i morgon. Vegvesenet vil leggja ut informasjon når vegen blir opna.

Bilde frå raset på vegen i Osa, foto: Ranja Børilden Sjøvold

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det har i tillegg vore flaum i Prestabekken, og det er gjort skade på vegen og nokre bygningar i området, vegen er difor stengt.

 Utedrift og brannmannskap har vore ute og gjort tiltak for å redusera skadene.

Skade på vegen nedom Prestabekken, foto: Annlaug Brandstveit