Vassmålaravlesing for 2020

vassmålar.jpg - Klikk for stort bilete  Viser til Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Ulvik herad, vedteke i heradsstyret 07.12.2016 sak 061/16, og som gjeld frå 01.01.2017.

Jmf. § 7 Vassmålar, vert avlesing føreteke ein gong kvart år (kring årsskiftet). Abonnenten føretek avlesing og innmelding innan ein frist som heradet fastset. Dersom avlesinga av vassmålar ikkje vert utført til fastsett tid eller dersom data ikkje vert meldt inn til heradet, vert årsforbruket stipulert. For manglande avlesingsdata ved årsskiftet vert eigedomen fakturert for eit gebyr på kr 100,-

 

Avlesinga (dvs. tilstand på vassmålar, ikkje omregnet forbruk) må bli rapportert heradet skriftleg anten på e-post postmottak@ulvik.kommune.no eller på vanleg post til Ulvik herad, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik,

innan onsdag  02. desember 2020.

 

Ved anna rapportering enn nemnt over, risikerast at avlesinga ikkje vert formelt registrert og dermed vert stipulert etter gjeldande forskrift.

Publisert av Hege Nielsen Børve. Sist endra 11.11.2020