Varsel om oppstart - Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Fotball - Klikk for stort bilete

Kommunedelplanen for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2019 - 2023 skal reviderast. For å kunne søkje spelemidlar og for å kunne ha ein plan for utbygging og behov i høve til idrett og fysisk aktivitet står vi no i startgropa for oppgradering og utarbeiding av ny plan.

Idrett er ein viktig del av livet til svært mange. Deltakelse i idrett og fysisk aktivitet gjev glede, overskot og meistring. Idrett handlar og om sosiale fellessskap, og om gode oppvekstvilkår og om god helse. Ulvik har eit utruleg stort frivillig apparat som stiller opp med faste treningar i mange idrettsgreiner.
Friluftsliv og god folkehelse er og viktig. Planen skal omfatte offentlege anlegg og anlegg eigd og drive av lag og organisasjonar.
Vi ynskjer at flest mogleg skal engasjere seg og vi ynskjer mange innspel til planarbeidet. Vi legg opp til administrativt tverrfagleg samarbeid, men og gjennom innspel frå lag og organisasjonar, skule, barnehage, og enkeltpersonar.
Det er lettare å påvirke tidleg i planprossessen enn når planen nesten er ferdig.  Innspel kan koma på kva type anlegg vi bør ha, kva bør rehabiliterast, nærmiljøanlegg i bustadområda osv.
Vi ber om at innspel til planprogrammet vert sendt til Ulvik herad.

Planprogram (PDF, 828 kB)

Vektak om oppstart i heradsstyre (PDF, 591 kB)

 

Høyringsfrist 1.des.2018

Send innspel til postmottak@ulvik.kommune.no. Spørsmål eller kommentar, kontakt Anne-Marit Lekve
tlf.56 52 70 60/40007160 eller e-post anne.marit.lekve@uvlik.kommune.no 

Publisert av Anne-Marit Lekve. Sist endra 16.10.2018