VARSEL OM OPPSTART AV TRAFIKKSIKRINGSPLANARBEID

For at trafikksikringsplanen skal bli så bra som mogleg, ynskjer me innspel frå innbyggjarar, organisasjonar, næringslivet mfl. om forhold som de er opptekne av knytt til trafikksikkerheit.

I medhald av kommunal planstrategi, varslar Ulvik herad oppstart av arbeid på ny trafikksikringsplan.

Planen er eit styringsverktøy for eit målretta trafikksikringsarbeid i heradet og vil byggje på gjeldande trafikksikringsplan. Den vil innehalde fysiske og ikkje fysiske tiltak som kan utførast for å auka trafikksikkerheita.

Har du innspel til trafikksikringstiltak?

Det kan til dømes vera knytt til:

  • fartsgrenser/skilting,
  • trafikkfarlege punkt/strekningar,
  • behov for fortau og gang-/sykkelvegar,
  • fysiske tiltak for å redusere hastigheit,
  • siktbetrande tiltak,
  • vegutviding,
  • vegomlegging,
  • belysning,
  • busshaldeplass,
  • fotgjengarkryssingar,
  • skuleskyssordning,
  • opplæring/haldningsarbeid.

Korleis kan du koma med innspel?

  1. skildre tiltaket/a du ynskjer,
  2. gje informasjon om stad for tiltaket/a – gjerne på eit kartutsnitt, t.d slik:
    opne kommunekart.com - vel kommune - nytt vertøyet «Tegn i kart» for å markere kvar tiltaket/a trengs - lag ein pdf ved å velja «Skriv ut»,
  3. merk innspelet/a «Trafikksikringsplan»,
  4. send innan 20. mai til post@ulvik.kommune.no / Ulvik herad, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik. 

 

Me ser fram til å motta innspela dine.

Lag og organisasjonar mfl. vert varsla direkte.

Til toppen