Vaksinasjon av risikogrupper hausten 2024

Ulvik legekontor og helsestasjon tilbyr oppmøte for massevaksinasjon 3 dagar i oktober. For å få ei god fordeling, deler me inn etter fødselsmånad slik:

 

  • Fødd januar-april:  Kom på dag 1, tysdag 15.oktober kl 13-17
  • Fødd mai-august: Kom på dag 2, onsdag 16.oktober kl 13-17
  • Fødd september-desember: Kom på dag 3, torsdag 17.oktober kl 13-17
  • Alle dagar med oppmøte på helsestasjonen sitt venterom og korridoren utanfor, siste oppmøte 16.30. Observasjon etterpå i 20 min, på venterom legekontor og i korridoren 

Du kan få både influensavaksine og coronavaksine same dag. Det er og tilbod om pneumokokkvaksine(mot lungebetennelse) dersom det er 6 år eller meir sidan du fekk dette sist. 

Pris for influensavaksine i innkjøp er kr 106,- og for pneumokokkvaksine 280,- (u/mva) 
Coronavaksinen får kommunen gratis. Vi tek ca 150 kr for arbeidet. Prisliste vert slik:

  • Influensavaksinasjon: 250
  • Influensa + covid: 250
  • Influensa + pneumokokk (+ evt covid): 530

Du kan og få influensa- eller pneumokokkvaksinen på legekontoret i samband med ein legetime, då betalar du berre sjølve vaksinekostnaden. 

Her kan du lesa meir om risikogrupper som vert tilrådd å ta vaksine:

Influensavaksine - FHI

Vaksine er tilrådd til: Alle som er 65 år+, yngre personar (også born) med kronisk hjarte- og luftvegssjukdom, yngre med nedsett immunforsvar, gravide, helsepersonell med nær pasientkontakt...


 

Til toppen