Midlane skal legge til rette for regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving med mål om å styrkje verdiskapinga i landbruket.
Informer gjerne andre om ordninga. Har de spørsmål til ordningane eller ynskjer ein prat er det berre å ta kontakt. Utfyllande kontaktinformasjon finn de også i lenkjene.
Informasjonsmøte om tilskotsordningar til rekruttering, kompetanseheving og næringsutvikling i landbruket
Onsdag 17.mars inviterer vi til eit informasjonsmøte om dei to tilskotsordningane Rekruttering og kompetanseheving i landbruket, og Regionale tilretteleggingstiltak innan landbruket.
Målgruppe: kommunar og andre organisasjonar som skal søkje om midlar, eller som lurer på om dei skal søkje om midlar
Tid og stad: 17. mars kl. 9.00-11.00, på Teams
Innhald:
- Kort informasjon om ordningane - moglegheiter og avgrensingar
- Kva er ein god søknad?
- Eksempel på prosjekt som har fått støtte
- Kort info om andre tilskotsordningar relevant for landbruk
- Høve til å kome med spørsmål
Programmet blir oppdatert når det nærmar seg, men meld deg gjerne på allereie no.
Dersom du har innspel til tema vi skal ta opp, gode eksempel på prosjekt, eller andre innspel tek vi i mot det med takk!