Utlysing av midlar til rekruttering, kompetanseheving og næringsutvikling i landbruket i Vestland

Syse gard  - Klikk for stort bileteSyse gard  

Vestland fylkeskommune har lyst ut midlar til utvikling av landbruksnæringa i fylket. Vi har to ordningar med søknadsfrist 1. oktober 2022: 

·        Regionale tilretteleggingstiltak i landbruket 

·        Rekruttering og kompetanseheving i landbruket  

Midlane skal mellom anna bidra til å betre rekrutteringa til landbruket og bygdenæringane, auke lokal matproduksjon, utvikling og modernisering av landbruk og utvikling av andre landbruksbaserte næringar som lokal mat og drikke, landbruksbaserte reiselivstilbod, og verdiskaping basert på utmarksressursane.  

Søknad skal sendast inn gjennom www.regionalforvaltning.no. Meir informasjon finn de i lenkjene.  

Informer gjerne andre om ordninga. Har de spørsmål til ordningane eller ynskjer ein prat er det berre å ta kontakt. Utfyllande kontaktinformasjon finn de også i lenkjene. 

Informasjonsmøte om tilskotsordningar til rekruttering, kompetanseheving og næringsutvikling i landbruket

Onsdag 24. august inviterer vi til eit informasjonsmøte om dei to tilskotsordningane Rekruttering og kompetanseheving i landbruket, og Regionale tilretteleggingstiltak innan landbruket.

 

Målgruppe: kommunar og andre som vil søkje midlar frå ordningane

Tid og stad: 24. august kl. 9.00-11.00, på Teams

Innhald:

  • Kort informasjon om ordningane  - moglegheiter og avgrensingar
  • Kva er ein god søknad?
  • Eksempel på prosjekt
  • Spørsmål og diskusjon

 

Programmet blir oppdatert når det nærmar seg, men meld deg gjerne på allereie no.

 

Dersom du har innspel til tema vi skal ta opp, gode eksempel på prosjekt eller andre innspel tek vi i mot det med takk!

Til toppen