Utbetringstiltak med natursteinsmur på Byrsevegen veke 21

info - Klikk for stort bilete

Natursteinsmur på Byrsevegen (P120) har glidd ut, og den bør utbetrast så snart som råd.

 Arbeidet startar på måndag 20. mai (veke 21) og vil bli utført av entreprenør Brattli Maskin.

Byrsevegen Foto  - Klikk for stort bilete Byrsevegen kart  - Klikk for stort bilete

Tiltaket vil medføre periodiske vegstengingar. Sikker passasje for gåande vil bli etablert. Heradet vil prøve å begrense stenging og ulemper for innbyggarane, og me skal ta direkte kontakt med dei dette gjeld i god tid før stenginga skjer.

 

For eventuelle spørsmål kan ein ta direkte kontakt med Ulvik herad v/ Milos Cemovic tlf. 4000 7145, og Bjørn Bergo tlf. 4000 7182, eller entreprenør v/Torleif Brattli tlf. 991 24 116.    

 

Ulvik herad v/teknisk

Publisert av Alis Lund-Johansen. Sist endra 14.05.2019