Ut på middag 9. desember

Ut på middag  - Klikk for stort bilete

Ny "Ut på middag" 9. desember - julebord m. underhaldning 

Meny: juletallerken og riskrem til dessert. 

Obs ny tid kl 16.00 

 

Påmelding innan 1 desember 

56 52 70 00 eller post@ulvik.kommune.no 

Frå ut på middagen 7. oktober:

"Det er særleg to ting som er viktig å gjera når ein vert eldre: det er å lea seg og å møta andre" Dette sa Berit Aarekol, representant for Seniordansen, i si takk for maten tale 7.oktober. Å møta andre fekk ein iallefall gjera andre gong Ulvik herad inviterte alle innbyggjarar over 65 år til gratis middag på Brakanes Hotel. Heile 132 hadde meldt seg på denne gongen mot 105 i august.

Middagen er finansiert av midlar frå prosjektet «Eldre ut på middag» som Helsedirektoratet lyste ut i vinter.

aure.jpg epledessert.jpg Folk 1.jpg lam.jpg Ut på middag
Sist endra 08.10.2021