Det vil over tid gje fleire årsverk og auka aktivitet i lokalsamfunna, som òg vil styrka anna næringsliv.
Prosjektet går over 3 år og styringsgruppa er i gang med å laga ein tiltaksplan med prioriterte tiltak ein ynskjer å jobbe med i prosjektperioden.
Ut frå dei tiltaka ein vel å prioritera vert det også sett saman naturlege arbeidsgrupper der det er teneleg.
Me ynskjer å involvera breitt, men likevel fylja klare mål og strategiar som ligg til grunn for prosjektet. Prosjektet skal gje rom for nytenking og utvikling.
Me har her utarbeida ei undersøking der kommunane sine innbyggarar kan spela inn forslag. Me er sikre på at det fins mange gode idèar der ute.
Dei som ynskjer kan i undersøkinga koma med innspel til konkrete tiltak som samsvarar direkte med ein eller fleire av strategiane.
Frist for å svara på undersøkinga er 1.oktober.
Her er lenke til undersøkinga