Ulvik Viltfond - Retningsliner for tilskot til viltgjerde

Vedteke14.9.2018, utvalssak VIL-011/18

Ulvik Viltnemnd vil heretter leggja fylgjande retningsliner til grunn ved vurdering av søknader om tilskot til viltgjerder frå Ulvik Viltfond:

Det kan ytast tilskot frå Ulvik viltfond til viltgjerde rundt fulldyrka landbruksareal, fortrinnsvis frukthagar. Viltnemnda står fritt til å vurderer aktuelle søknader i høve til budsjettramma for fondet, nytteverdi og tal innkomne søknader m.m. Dei generelle retningslinene for bruk av Ulvik viltfond gjeld fram for dette skrivet, det same gjer nasjonal forskrift om gjerde ved offentlig veg og andre nasjonale føringar.

Gjerde som vert bygd som samstiltak mellom fleire gardsbruk, eller som har nytteverdi for fleire skal ha høg prioritert ved tildeling av tilskot.

Ved nyetablering av frukthagar ol. med støtte frå Innovasjon Norge skal gjerdekostnaden inngå i budsjettgrunnlaget, og forsøkast dekka med investeringsmidlar før ein søkjar tilskot frå Ulvik Viltfond.

Tilskot til viltgjerde er avgrensa til maksimalt 30 % av dokumenterte kostnader og maksimalt kr. 25.000,- per føretak per søknad. Den maksimale kostnaden per løpemeter er avgrensa til kr. 200,-, og kostnaden for eige arbeid er avgrensa til maksimalt kr. 300,- per time.

Det vert berre gjeve tilskot til permanente gjerde med metallnetting eller straumførande metalltråd. Gjerdehøgda skal vere minimum 180 cm, og det skal vera rydda for vegetasjon minst 1 meter frå gjerdet til kvar side.

Trepålar skal vere minimum 8 cm i diameter og trykkimpregnerte eller vere av anna langtidshaldbart trevirke. Hjørnepålane bør vera tjukkare. Der det er hensiktsmessig kan ein nytte pålar av jern/metall for eksempel ved festing direkte i fjell. Stormsterke frittståande trær kan nyttast der det passer seg. For nettinggjerder skal stolpeavstanden vere maksimalt 2,5 meter. For trådgjerder kan avstanden vere inn til 6 meter. Men i kuppert terreng må pålane gjerne stå tettarar.

Nettinggjerde skal vere utstyrt med solid topp- og botntråd, 2,5 mm eller tjukkare. I straumførande trådgjerder skal trådtjukkelsen vere minimum 2,5 mm, og avstanden mellom trådane skal ikkje overstige 30 cm. Gjerdeapparatet skal vere tilslutta nettstraum, og ha tilstrekkeleg høg utgangsspenning – gjerne rundt 9.000 Volt. Anden kvar tråd bør vere ført til jord. Trådane skal vere strekkfaste, korrosjonsbestandige og ha god ledingsevne. Gjerdet skal vere godt stramt. Piggtråd aksepterast ikkje.

Der det er eksisterande turstiar ol. som kryssar gjerdetrassen skal det lagast til høveleg passasje mogelegheit for publikum, fortrinnsvis med sjølvlukkande grind.

Gjerdet skal haldast i god stand og ha jamleg tilsyn, minst 2 gongar for året. Langs straumførande trådgjerder skal vegetasjonen ryddast unna minst 1 for året. Manglande vedlikehald dei første 5 åra kan medføre heilt/delvis tilbaketrekking av tilskotet.

Publisert av Elsa Garatun. Sist endra 08.10.2018