Ulvik set born og unge i fokus

Det skal vera trygt og godt for born og unge å veksa opp i vår kommune. Av og til oppstår likevel utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Veit du kva du skal gjera dersom du lurer på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp?

Ulvik herad har i dag publisert BTI-rettleiaren som er eit resultat av eit lengre prosjektarbeid. Formålet med prosjektet er å utvikle og implementere ein kommunal modell for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn. Betre Tverrfagleg Innsats, BTI-modellen, er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.

 

Les meir her: https://ulvik.betreinnsats.no/

Til toppen