Ulvik herad har overteke drifta av Ulvik turistkontor

Handelslaget.jpg - Klikk for stort bilete  Ulvik herad har inngått samarbeidsavtale med Ulvik næringslag, og overtok drifta av Ulvik turistkontor frå 1. januar 2021.

Turistkontoret skal halde fram i lokala i Handelslaget, og Ulvikatorget vil bli vidareført i regi av Ulvik næringslag.

Då det skal gjennomførast fleire endringar i lokala, vert Handelslaget stengt fram til midten av februar. Vi kjem tilbake med informasjon om opningsdag og opningtider.

Syse Glas har eigne opningstider.

Ny kontaktinformasjon

E-post: Visitulvik@ulvik.kommune.no

Tlf:         +47 40 00 71 99

Publisert av Hege Nielsen Børve. Sist endra 11.01.2021