Ulvik Fysioterapi opnar att.

info - Klikk for stort bilete Ulvik Fysioterapi opnar att tysdag 21. april for 1-1-konsultasjonar.

Instituttet vil fortsatt vera stengt for eigentrening og gruppetrening inntil vidare.

For å ivareta best mogleg smittevern ber me alle om:

*Har du lette symtptom eller teikn på luftvegssymtom, feber, tungpust eller dersom ein har vore i nærkontakt med koronasmitte, ber me deg avbestille timen via telefon og IKKJE møte opp på instituttet.

*Me kjem til å jobbe til forskjellige tider og då oppmodar me deg om å koma presist til timen, maks 5 min før avtalt tid, for å minimere tida på venterommet. Det vil kun stå ein stol klar på venterommet. Ellers vil alle blad og aviser vera fjerna i denne perioden.

*Møter du nokon i lokalet ynskjer me at du held 2 meter regelen så godt det let seg gjera.

*Me ber deg følgje generelle smitteverntiltak som god handhygiene og gode hostevanar. Vask hendene dine når du kjem og når du forlet lokalet.

*Fysioterapeutane vil overhalde smittevernsvedtaka som er kome frå FHI og vil difor ha ein pause mellom kvar pasient for å vaske over alle kontaktflater mellom kvar konsultasjon. Me vil også foreta nokre konsultasjonar utandørs, der dette er mogleg.

*Det blir kun kontaklaus betaling med bankkort.

Då det er spesielle tider me er inne i ber me om forståing om me må gjera raske endringar i vår timeplan.

Alle som har avtalar med ein av fysioterapeutane vil bli kontakta og tildelt time.

Om du har noken spørsmål ta kontakt med Trude Fosse tlf. 4000 7193 eller Stine Øvsthus tlf. 4000 7192

Sist endra 20.04.2020