Ukrainakrisa og vår beredskap

Ulvik herad fylgjer situasjonen og har planverk klart viss noko skulle skje.
Justis- og beredskapsdepartementet har i skrivande stund ikkje gått ut med endra trusselbilde for Norge som fylgje av krigen i Ukraina. Likevel er det forståeleg at fleire kan kjenna ein uro knytt til situasjonen.

Eigenberedskap
For innbyggjarar er eigenberedskap ei fornuftig tilnærming. 

Jodtablettar
Jodtablettar står på lista over eigenberedskapsartiklar.

Dei under 40 år er anbefalt å ha dette lagra heime. Jodtablettar kan ein kjøpa på apotek. Det skal kun takast dersom nasjonal beredskapsmyndigheiter gjev beskjed om det, via media.

Ulvik herad har eit lager av jodtablettar på legekontoret. Det dekker behovet for alle opp til 18 år samt gravide og ammande, pluss ein del ekstra. I Ulvik er det kort veg for dei aller fleste når ein treng å henta tablettar til familien sin. I ein situasjon med beskjed frå myndigheitene om at jodtablettar skal nyttast, vil legekontor og Tenestetorg verta bemanna for utdeling innan 4 timar, også i helg (men ikkje natt). Vi har ikkje sett det som tenleg å distribuera jodtablettane til skule og barnehage.

For meir informasjon sjå direktoratet for strålevern og atomberedskap sine nettsider.

Anna beredskap
For meir informasjon knytt til situasjonen sjå gjerne Statsforvaltaren sine nettsider.

Til toppen