Tyssevikvegen (Fv300) i Ulvik stengt for køyring.

Tyssevikvegen - Klikk for stort bilete

Dei omfattande gravearbeida i Tysseviksvegen er i avslutningsfasen, og vegen vil bli opna for gjennomkjøring av tungtrafikk fredag 31. mars. Mindre kjøretøy må framleis nytte omkjøringsvegen mandag til torsdag, fram til anna vert varsla.

Frå veke 14 vert det i hovudsak arbeid med kantstein, lysfundament og etablering av bærelag for vegbana som vert fokus.

Stenginga gjeld berre mindre kjøretøy under 7.5 t. Det vert etablert midlertidig gangveg gjennom anleggsområde for myke trafikantar.

Omkøyring er etablert via Øvregardsvegen (Fv303)-Prestagarden-Prestabrekka.

For eventuelle spørsmål ta kontakt med Milos Cemovic, tlf. 4000 7145 (Ulvik herad) eller Geir Øystein Djupevåg, tlf. 924 11 976 (Contexo AS).

Vedtak/Varslingsblankett frå Statens vegvesen finn du her. (PDF, 3 MB)

Publisert av Claudia Saathoff. Sist endra 30.03.2017