Tilbod til næringsdrivande

Korona- hotline  - Klikk for stort bilete Ulvik herad etablerer no mellombels rådgjevarstilling i 50 % for å bistå næringslivet i høve til kompensasjonsordningar relatert til korona-situasjonen. 

Vår rådgjevar på området er Anja Svingen. Ho vil vera tilgjengeleg for næringslivet kvar mandag og tirsdag frå 08:00-15:30.

Ordninga vil i første omgang gjelde i perioden mai, juni og august. Rådgjevaren vil ta direkte kontakt med næringsdrivande i Ulvik for å sikre at kompensasjonsordningane er kjende og at dei som treng hjelp til å sende inn krav eller rapportering får slik hjelp. Næringsdrivande kan òg ta direkte kontakt med rådgjevaren på telefon 4000 7196 mandag og tirsdag eller på epost til Anja.Svingen@ulvik.kommune.no.

Publisert av Claudia Saathoff. Sist endra 28.04.2020