Tilbod om ny oppfriskingsdose med koronavaksine!

Pasientar ved Omsorgstunet og dei som får tenester frå heimesjukepleien er prioritert først, så alle over 80 år. Resten må venta.

Alle som ikkje bur på Omsorgstunet må møta opp ved legekontoret til vaksinasjon.

 

Meld deg på til legekontoret, tlf 56527040. Vi vaksinerer torsdagar kl 10 i juli og første veka i august.

Regjeringa og FHI tilrår ny oppfriskingsdose med koronavaksine no i sommar, for alle 75 år+

I Ulvik har vi ikkje kapasitet m.o.t helsepersonell til å gjennomføra dette. Vi planlegg massevaksinasjon til hausten med influensavaksine og koronavaksine samstundes, i starten av oktober. Men no i sommar vil vi bruka dei vaksinedosane vi har (66 dosar på lager). Vi startar med dei eldste og sjukaste.

Helsing kommunelegen

Til toppen