Tilbake til skulen 1.-4. kl.

 Til elevar og foreldre/føresette i 1.-4. klasse

Alle elevane i 1.-4. klasse er velkomne tilbake til skulen måndag 27. april. Det er nasjonale myndigheiter som har bestemt at skulen skal starta opp att – noko me på Brakanes skule er glade for. Dei tilsette gler seg til å møta både kvarandre og ikkje minst elevane, sjølv om dei melder om mange fine digitale treffpunkt😊.

Perioden med heimeskule har me evaluert, og me ser at det har vore mykje positivt med denne måten å organisera skule på. Lærarane har måtta utfordra seg sjølv på ein heilt annan måte å tenkja undervisning og læring på. Det passa fint at skulen hadde hatt eit auka fokus på det digitale i førekant av stenginga. Likevel vart dette ei slags digital pil i rompa på mange. Dei tilsette skal ha skryt for måten dei har takla denne utfordrande situasjonen på!

Det har vore god kontakt med heimane. Lærarane er veldig fornøgde med måten heimane har støtta opp om læringsarbeidet på – all honnør til dykk der heime for å ha gjort ein stor innsats!

Måndag kl. 8.30 håpar me å sjå alle i 1.-4. klasse igjen. Rettleiaren for smittevern ber oss unngå skuleskyss i den grad det er mogleg. Det vert likevel sett opp skuleskyss frå måndag av. Elevane som følgjer bussen skal sitja med eit setes mellomrom – dvs to born pr rad (på fire plassar), med alternerande vindauga/midtgang. Bussjåføren vil gje rettleiing til elevane. Elevane må nytta inngang bak i bussen, og dei skal ikkje bruka skysskortet. Elevane må halda ein meters avstand medan dei ventar på bussen/drosja. Me ber dykk senda SMS til skulen ved Svanhild Danielsen, tlf. 930 59 466, dersom de ikkje skal nytta den skyssen de vanlegvis nyttar.

På skulen vert dei tatt i mot av ein vaksen – ute, ved sin inngang.

1.     klasse skal bruka inngangen og garderobe/toalett ved SFO. Dei vil nytta sitt vanlege klasserom, i tillegg til SFO-lokala. Den vaksne (Heidi, Ingeborg eller Magnus) møter elevane ute frå kl. 08.20.

2.     klasse vert delte i to grupper. Den eine gruppa skal vera på sitt vanlege klasserom, medan den andre gruppa skal ha klasserom på mat- og helse, med tilhøyrande garderobar. Dei brukar toaletta nede i kjellaren. Alle elevane i 2. kl. møter utanfor inngangen ved idrettsplassen, og vert tatt i mot av ein vaksen frå kl. 08.20 (AK, Ann Kristin, Janne, Magnus eller Bushra).

3.     klasse får klasserom på kunst- og handverk. Der har dei tilgang til både toalett og garderobar. Elevane i 3. klasse møter ved hovud-inngangen i hesteskoen. Der møter ein vaksen dei frå kl. 08.20 (Marit, Sarita, Kitty, Svanhild).

4.     klasse vert delte i to grupper. Den eine gruppa skal vera på sitt vanlege klasserom, medan den andre gruppa skal vera på 3. klasse-rommet. Gruppene får kvar sin inngang til venstre i hesteskoen, der dei vanlegvis går inn. Dei skal bruka toalettet ved bomberommet. Ein vaksen møter dei frå kl. 08.20 (Elin, Astrid, Silke, Grzegorz).

Dei klassane som er delte i to grupper, vil samarbeida noko – mest utandørs.

Dei som skal på SFO før og/eller etter skulen, må senda SMS til Svanhild Hide, tlf  922 42469 om kva for opphaldstid dei treng, slik at me har rett personale på plass til å følga elevane også på SFO. Det blir ein utfordrande kabal, men me skal gjera så godt me kan.

Friminutt:

Leikeplassen vert delt i 2 sonar, på tvers av banen. 1. og 2. klasse vil halda til på eine sida, 3. og 4. klasse på andre sida. Me bytar område frå dag til dag, slik at den nye ballbingen kjem alle elevane til gode.

 

Oppstart og avslutning av dagen:

Elevane møter opp utanfor sin inngang, ein vaksen tar i mot frå 08.20 og syter for oppstilling slik at ein unngår trengsel ved innmarsj. Når skuledagen er slutt, følger ein vaksen i kvar gruppe dei elevane som skal ha skuleskyss. Dei elevane som vert henta av foreldre/føresette må avtala hentestad med kontaktlærar. SFO hentar dei elevane som har SFO-tilbod.

 

Organisering inne:

-        Pultar med minst ein meters mellomrom          

-        God avstand i garderoben, unngå trengsel

-        Personlege skulesaker til alle

-        Faste toalett til kvar klasse

-        Fast inn- og utgang av bygget

-        Ikkje dela på bøker, utstyr, iPad-ar

 

Organisering ute:

-        Faste område ute, med fysiske markeringar – dela banen i 2 soner

-        Bruka andre område i bygda, t.d. Elvatun

-        Bruka uteområdet i nærleiken av skulen

-        Bruka utedagen godt!

-        Bruka TL-utstyret, men hugs god reingjering etter bruk!

 

SFO – tida:

-        Mest mogleg ute! Minst mogleg inne! Klede deretter!

-        Dei som vanlegvis møter på SFO om morgonen, skal vera ute til dei stiller opp utanfor sin inngang kl. 08.20.

-        Faste grupper og plassar ved måltida – gjeld både vaksne og born

-        SFO har laga plan for reinhald av leiker

 

Kroppsøving/symjing:

-        Symjing utgår

-        Eventuell byting til kroppsøvingstimar skjer på klasserommet. Dusjinga føregår heime.

Hygiene-tiltak:

-        Handvask heime, før borna reiser til skulen/SFO

-        Handvask om morgonen når dei kjem til skulen

-        Handvask etter kvart friminutt

-        Handvask før og etter mat

-        Handvask ved toalettbesøk

-        Bruka handsprit ved andre overgangar

-        Vaska alle overflater fleire gongar i løpet av dagen (reinhaldspersonalet og dei tilsette/elevane sjølv)

-        Ha med våtservietter og handsprit ute på tur

-        Fhi sine handvask-rutinar og vaner som førebyggjer smitte heng på alle klasserom og toalett

-        De vaksne i kvar gruppe skal læra elevane gode handvaskrutinar og hostehygiene

-        Alle tilsette skal ha lese og sett seg inn i rettleiaren for smittevern.

 

Retningsliner for oppmøte på skulen/SFO:

-        Elevar og tilsette med luftvegs-symptom skal ikkje møta på skulen

-        Elevar og tilsette kan møta på skulen etter at dei har vore symptomfrie i eit døgn

-         

Dersom sjukdom oppstår:

-        Dersom ein elev viser teikn til sjukdom, skal eleven bringast til eit eige rom, og foreldre skal kontaktast for henting.

 

Nesten leksefri skule for 1.-4. klasse resten av året:

Dersom elevane held fram med like godt arbeid ved fysisk skulestart, og dei får gjort arbeidet sitt 😉vil det verta så godt som leksefri resten av skuleåret. Unntaket vert leselekse, for 3. og 4. klasse. På denne måten unngår me at elevane bringer bøker/utstyr og materiell mellom heim og skule. Dette er ikkje eit krav i rettleiaren for smittvern, men på skulen er me einige om at dette er ei god løysing.

 

Då ynskjer me kvarandre lukke til med fysisk skulestart. Eg oppmodar om at terskelen for å ta kontakt er låg – begge vegar.

 

 

Mvh Brakanes skule v/rektor

Sist endra 22.04.2020